Vest politidistrikt opplyser at føraren av bilen var fastklemd etter ulukka, men vedkommande vart etter kvart frigitt og var vaken.
Det var store materielle skadar på køyretøyet som følgje av ulukka.
– Det er store skadar på bilen. Den står inn mot fjellveggen. Det er førebels ikkje klart kva som er årsaka til ulukka, men det er ein av tinga politiet vil prøve å finne ut av når dei kjem dit, sa operasjonsleiar Tatjana Knappen i Vest politidistrikt kvart på eitt.
Klokka 13.30 opplyste Vest politidistrikt at føraren var flogen til Førde sentralsjukehus.
For å hindre kø, vart Naustblokktunnelen, Finnsåstunnelen og Mindenestunnelen som ligg i nærleiken av skadestaden mellombels stengde. Vegen vart opna igjen i 14-tida.
Det var ingen andre bilar eller personar involvert i ulykka, og det er ikkje mistanke om ruskøyring.
Firda skreiv først at bilføraren vart send til Haukeland universitetssjukehus. Politiet har seinare retta opplysninga til Førde sentralsjukehus.