Klokka 06.06 fekk Vest politidistrikt melding om ei ulykke ved Nedstryn kyrkje.

Tom Johannessen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt, fortel at det ikkje var snakk om noko alvorleg personskade.

– Det er ikkje snakk om høg fart, bilen hamna i grøfta etter glatte forhold på staden, sa Johannesen kort tid etter ulykka vart meldt.

Både politi og bergingsbil vart sendt til staden.

Klokka 09.40 kjem Eivind Hellesund, operasjonsleiar i Vest politidistrikt med følgande oppdatering:

– Politiet har oppretta sak, men det er ikkje mistanke om høg fart eller køyring i ruspåverka tilstand. Det skal ha vore svært glatt på vegen, førarkort vart ikkje inndrege.

Bilbergar har vore på staden og fjerna bilen frå grøfta.