Like før klokka 23 fredag kveld melde operasjonssentralen i Vest politidistrikt om ei trafikkulykke på E39 i Halbrendslia.

Ein bil hadde køyrt i grøfta, men ifølgje politiet var det truleg ikkje snakk om personskader.

Ein patrulje vart sendt til staden.

Trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen vest, John Andreas Omdahl, fortel til Firda at ulykka har skjedd i svingen like over innkøyringa til Reset.

– Ulykka er ikkje meldt å vere alvorleg, og trafikken går forbi på staden. Politiet er på staden og dirigerar trafikken forbi, sa Omdahl kort tid etter ulykka.

Bilbergar vart rekvirert, og vegen er no opna att for fri ferdsel etter at bilen i grøfta er fjerna frå staden.