Ein personbil har køyrt i eit rekkverk i Grodås ved Hornindalsvatnet i Hornindal kommune.
Per Algrøy, operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, opplyser at det var to personar i bilen.
– Dei har ikkje meldt frå om personskade, seier han.
Det er store skader på bilen. Politiet er på veg til staden.
Dette er tredje ulykka på E39 på ein time.
– Sjølv om det er ein del avstand mellom alle ulykkene er det nok ganske glatt på vegen, seier han.
Firda oppdaterer saka.
Kommentarer til denne saken