SOGN AVIS: Ein bil har hamna utfor vegen på rv. 13 ved Slindesenteret mellom Sogndal og Leikanger måndag morgon.

– Me fekk melding klokka 07.58. Det framstår som udramatisk, og førar melde frå sjølv, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt.

Etter det operasjonsleiaren har fått opplyst står ikkje bilen trafikkfarleg til, og ingen andre køyretøy var involverte i uhellet. Utanom det kjenner politiet førebels ikkje til omstenda kring uhellet.

– Patruljen reiser til staden for å undersøkja nærare, seier Dahl-Michelsen.