Klokka 17.40 måndag melde Vest politidistrikt at ein bil hadde køyrt utfor Breimsvegen i Gloppen, i nærleiken av Hjellebrua på Bergheim.

Alle kom seg ut av bilen på eigahand.

Like før klokka 18.30 opplyser politiet at bilbergar er på staden. Av dei fire personane som var i bilen er to av dei frakta til legevakt for sjekk. Kva som er årsaka for utforkøyringa er førebels ukjent.