Natt til fredag klokka 00:16 vart det meldt inn at ein bil hadde kollidert med ein hjort i Lavik. 

Operasjonsleiar Eivind Hellesund i Vest politidistrikt opplyser at det gjekk fint med både fører og bil. 

– Det var ingen personskadar og mindre materielle skader på bil. Viltnemnda er blitt kontakta, seier Hellesund