Klokka 23.58 søndag kveld fekk politiet melding om ei trafikkylukke på fv. 614 Magnhildskarvegen i Kinn.

– Det enda godt, utan personskade. Men bilen fekk seg ein god del skadar og var ikkje køyrbar, seier Knut Dahl-Michelsen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Føraren var aleine i bilen, og var vaken og bevisst etter ulykka.

– Det hadde vore eit lite ras i forkant, og det låg små steinar, grus og jordmasse i vegen. Føraren køyrde truleg inn i det, mista kontrollen på bilen og gjekk i fjellveggen. Airbag blei utløyst, seier Dahl-Michelsen.