Klokka 23.25 laurdag kveld fekk politiet melding om ein bil som hadde køyrt utfor vegen i Dalsvegen i Dale, og som stod inntil ein mur.
– Politiet rykte ut og fekk kontakt med han som hadde køyrt bilen. Han stod fram som påverka av alkohol. Det hadde gått greitt med han, og det var berre blitt nokre mindre skadar på køyretøyet, seier Knut Dahl Michelsen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.
Føraren var ein mann i 40-åra. Han blei sendt vidare for å ta blodprøve.
Politiet har oppretta sak på hendinga og har kverrsett førarkortet til mannen.
Klokka 03.49 i Sogndal kom politiet over eit køyretøy, som dei kontrollerte.
– Det var bruksforbod på køyretøyet, fordi det ikkje hadde blitt framstilt for EU-kontroll. Føraren var heller ikkje edru, seier, Dahl Michelsen.
Bilen blei avskilta og føraren blei tatt med til politistasjonen for å blåse i eit apparat for å måle promillen.
– Bilen blei ståande igjen. Politiet har oppretta sak og kverrsett førarkortet, seier operasjonsleiaren.
