Bil køyrde i fjellveggen i 80-sone

No opprettar politiet sak.

DEL

– Rett før halv tolv i fredag kveld fekk vi melding om at ein bil hadde køyrt i fjellveggen på E39 i Skredestranda i Nordfjord, opplyser operasjonsleiar Steinar Hausvik i Vest Politidistrikt.

Firda får opplyst at ulykka skjedde nærare Vikane, og alle naudetatar rykte ut til ulykka.

Ifølge politiet var både førar og passasjer menn i tjueåra.

Hausvik fortel at den eine airbagen vart utløyst i uhellet, og at ein person klaga over smerter i brystet etter ulykka.

– Han vart sett til av ambulansepersonell på staden, og står fram som uskadd, seier Hausvik.

Fronten trykt inn

På staden der ulykka fann stad er det 80-sone, men politiet kan ikkje seie noko om kva fart som har vore på bilen som var involvert i ulykka.

– Bilen fekk store skader i fronten, og er ikkje køyrbar, seier Hausvik.

Ifølge han vart fronten trykt inn i møtet med fjellveggen.

Bilen sperra eine køyrebana etter ulykka, og vegen vart først rydda klokka 01.07 natt til laurdag.

Opprettar sak

Politiet kan førebels ikkje seie noko om kva som var årsak til ulykka, men opplyser at det vert oppretta sak.

– Dette er eit trafikkuhell, og vegtrafikklova paragraf 3 er ganske streng. Og mange av desse ulykkene hamnar under den, men akkurat kva dei opprettar sak på veit eg ikkje. Vidare etterforsking vil vise om det har vore noko manglande aktsemd inne i bildet, seier Hausvik.

Artikkeltags