Klokka 1008 køyrde ein bil av vegen og ut i grøfta i Balestrand. Ulukka skjedde på fylkesveg 55 på Tue i retning Høyanger. Det fortel operasjonsleiar Steinar Hausvik.
Det var ein mann som køyrde bilen som for av vegen, og han var ifølge operasjonsleiaren åleine i bilen då ulukka fann stad.
– Det skal vere glatt på staden, fortel Hausvik.
Uskadd førar
Både ambulanse og brannvesen rykte ut til ulykka, og politiet er også på veg.
– Etter det vi kjenner til, er føraren uskadd, seier Hausvik.
Det var i følgje Hausvik ein del kø på staden.
– Bilbergar er på veg, seier han.
Men klokka 13 melder politiet om at dei er ferdig på staden, og at trafikken går som normalt att.
Mistanke om rus
– Vi mistenkjer at førar har køyrt bil i rusa tilstand. Det er teke blodprøve, og førar vil bli meld, opplyser politiet på twitter.
Saka er oppdatert klokka 1324