Gå til sidens hovedinnhold

Bil køyrde av vegen på rv. 5

Førar skal vere vaken og bevisst, og framstår som uskadd, melder politiet.

Operasjonssentralen i Vest politidistrikt melde måndag kveld om ei trafikkulykke ved Klopstad på Rv. 5 i Naustdal. Ein bil hadde då køyrt i grøfta, og dette var einaste involverte køyretøyet i ulykka.

Hendinga vart meldt klokka 17.37.

Føraren skal ha vore åleine i bilen. Han er vaken og bevisst, og framstår som uskadd, ifølgje politiet.