Klokka 07.15 onsdag melde 110 Vest om ei trafikkulykke ved Strand i Fjaler.

Åge Løseth, tenestestadsleiar i Askvoll, Hyllestad og Fjaler, fortel at sjåføren var den einaste personen involvert i ulykka. No er ho send til legevakt for sjekk.

– Det skal ikkje vere snakk om større personskadar, seier han klokka 09:40.

Bilen skal ha treft ein parkert bil som stod parkert på motsett side av vegen i uhellet. Bilane har fått mindre materielle skadar, og begge kunne bli køyrt frå staden utan hjelp frå bilbergar.

Akkurat kva som har skjedd er førebels ukjend, men Løseth slår fast at det var vanskelege forhold på staden i morgontimane.

– Det var glatt på staden, og då ulykka skjedde var det heller ikkje brøyta der.

Politiet vil følge opp saka.

Fylkesveg 57 var stengd ein liten periode, men er no opna att.