FIRDAPOSTEN: – Brannvesenet rykker ut frå Eikefjord, melde dei.
To minutt seinare fortalde Vest Politidistrikt på Twitter at dei fekk melding om trafikkulykka klokka 00.41.
– Naudetatane er på veg til staden etter melding om ei trafikkulykke. Ein bil involvert. To personar involvert. Bilen ligg på sida, skreiv dei i meldinga.
Skadeomfanget på dei involverte er ukjent.
Ifølge Vegtrafikksentralen vest var det redusert framkomst grunna ulykka. Dei oppgir fylkesveg 614, Manghildskarvegen mellom Grov og Norddalsfjord bru som ulykkesstad.
Ulykka skjedde i ein sving rett før Norddalsfjordbrua, på sørsida. I følge Bergens Tidende har bilen sklidd av vegen på glatt vegbane.
– Brann og ambulanse er framme på staden, oppdaterte politiet om lag klokka 01.00.
Bilen ligg ikkje på sida, slik det blei meldt om tidlegare. Personane som er involvert i ulykka er bevisste og ute av bilen. Litt seinare er også politiet på staden.
– Førar blir frakta til legevakta i Florø for nærare sjekk, melder politiet om lag 01.40.
Bergingsbil blei tilkalla, og klokka 02.07 melde politiet at dei er ferdige på staden.