Gå til sidens hovedinnhold

Bil køyrde av vegen – ligg på taket i Stryn

I morgontimane tysdag køyrde ein bil av vegen i Nordfjord.

Klokka 06.28 fekk politiet melding om ei trafikkulykke ved Olden i Stryn.

Ein bil skal ha køyrd av vegen og ligg no på taket.

Dei to personane i bilen har kome seg ut og skal vere uskadde.

Operasjonsleiar ved Vest politidistrikt Steinar Hausvik, opplyser at dei to personane sjølv melde frå om ulykka.

– Dei opplyser at dei ikkje er skadde, men alle naudetatar er på veg til staden.

Førebels veit politiet ingenting om årsaka til ulykka.

Firda oppdaterer saka.

Kommentarer til denne saken