110 Vest melde klokka 10.10 om ei trafikkulykke i Lustravegen i Luster.

Ein bil hadde då ha køyrd av vegen.

– Det er to personar som er involvert. Det er ikkje meldt om personskadar, og dei skal ha kome seg ut av bilen på eigen hand. Det er heller ikkje meldt om røyk eller noko frå bilen, sa Jostein Steinsland-Hauge, vaktkommandør i 110 Vest. til Firda.

Det er 80 sone på staden, og vegen vert opplyst å vere glatt.

Ikkje lenge etter skjedde det ei ny trafikkulykke i Sogn. Denne gongen på rv. 55 i ved Barsnes i Sogndal. Her hadde ein bil hamna på taket.

Operasjonsleiar Tom Johannesen i Vest politidistrikt fortel til Firda at begge dei to trafikkulykkene i Sogn no er avslutta. Begge bilane er også fjerna.

– Ulykka i Hafslo, der var dei to involverte personane køyrt til sjukehus. Dei hadde ikkje synlege skader, men vart teke dit for ein sjekk, seier Johannesen.

Det same vart gjort med føraren av bilen som hamna på taket på fv. 55 ved Barnsnes.