Gå til sidens hovedinnhold

Bil i grøfta

Like før midnatt melde politiet om ein bil som hadde køyrd i grøfta i Florø.

Politiet var på staden, og kom i kontakt med den antekne føraren av bilen.

– Vedkommande blir framstilt for blodprøvetaking, så det er nok mistanke om køyring i påverka tilstand, seier operasjonsleiar Steinar Hausvik.

Personen kom uskadd frå hendinga.