Bil i grøfta i Høyanger. Politiet mistenker rus

DEL

Politiet melder at dei klokka 05.12 fekk melding om ein bil som hadde køyrt i grøfta i Høyanger.

– Bilen står og går, men ingen er i nærleiken, melde Vest politidistrikt då politiet kom til staden.

Politiet fekk etter kvart kontroll på føraren dei mistenker hadde køyrt bilen. Han var påverka av alkohol.

– Det er snakk om ein veldig godt vaksen mann, opplyser operasjonsleiar torsdag morgon.


Artikkeltags

Kommentarer til denne saken