Gå til sidens hovedinnhold

Bil i grøfta i Førde

I 15.30-tida laurdag ettermiddag melde politiet på Twitter om at ein bil hadde køyrd i grøfta i Førde.

– Politiet fekk melding klokka 15.20 frå bilførar sjølv som sa at han hadde vore uheldig og komme ut i grøfta.

Det seier operasjonsleiar Ole Ronny Olsen ved Vest politidistrikt til Firda.

Mannen oppgav at han var åleine i bilen og at ingen var skadd. Politiet kom deretter til staden og fekk dialog med føraren.

– Vi kjem til å opprette sak, det er skade på eit gjerde på staden. Men det er ikkje mistanke om ruskøyring. Vi har heller ikkje beslaglagt førarkortet hans, presiserer Olsen.