Bil i grøfta. Føraren klaga over smerter i brystet

Ein bilførar køyrde utfor vegen seint fredag kveld.

DEL

– Uhellet skjedde ved Løkkebø i Eikefjord, nokre kilometer i retning Hyen, opplyser Terje Magnussen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Det var ein mann i sekstiåra som køyrde. Han var åleine i bilen.

Bilen vart liggande på sida etter utforkøyringa.

– Mannen klaga over litt smerter i brystet, men kjende seg elles ok, og han vart dimittert på staden etter at han var undersøkt, seier Magnussen og refererer til politiloggen.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 22.49 fredag kveld.

Artikkeltags