Gå til sidens hovedinnhold

Bil i fjellvegg i Bremanger

– Ein bil med ein vaksen og eit barn skal ha køyrt inn i ein fjellvegg. Dei skal ikkje vere alvorleg skadde.

Det opplyser vaktoperatør Ronald Drotningsvik ved 110-sentralen vest like før klokka fire torsdag ettermiddag. Hendinga skal ha skjedd i nærleiken av Rugsund kyrkje.

– Dette skal ha skjedd i nærleiken av ein stygg sving, seier Drotningsvik.

Operasjonsleiar Per Algrøy seier det er litt uklart kva som har skjedd.

Les også

Kvinne meiner lastebil pressa bilen hennar av vegen. Lastebilsjåføren fortel ein annan versjon