Bil har velta 40 meter ned ein skråning i Florø

Naudetatane avslutta arbeidet på staden.

DEL

Vest politidistrikt melde om at ein bil har velta ned ein skråning ved Botnastranda i Florø. Skråninga er på ca. 40 meter. Ulykka skal ha skjedd ved nedkøyringa til West Industri Service.

Det var to personar i bilen, begge har komme seg ut og skal vere oppegåande, melder politiet.

– Ambulanse er på staden, men vi har ikkje fått melding om personskade, sa Terje Magnussen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt kort tid etter ulykka vart meldt.

Det vart då også meldt at bilbergar var bestilt og at trafikken gjekk som normalt forbi ulykkesstaden.

Politi på staden kunne opplyse om at årsaka til ulykka førebels ikkje er kjend, melder Firdaposten.

Omtrent klokka 17.30 melde Magnussen at politi og ambulanse avslutta arbeidet på staden.

– Det verkar som at personane er uskadd, seier han.

Bilbergar har henta bilen.


Artikkeltags