Ein bil skal ha køyrt inn i ein fjellvegg i ei 80-sone, like etter klokka 13:30.
Berre føraren skal ha vore i bilen då ulykka skjedde.
Luftambulanse på staden
– Brannvesen og helse er på staden, med både ambulanse og luftambulanse, seier Stine Mjelde, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.
Politiet har ikkje komme fram til staden då Firda snakkar med Mjelde klokka 14:11. Ho har derfor avgrensa informasjon om helsetilstanden til sjåføren, utover at personen skal vere medviten.
Stian Kvam, vakthavande kommandør i 110-sentralen, seier at personen ikkje var fastklemd, og at vedkommande blir varetatt av helsepersonell på staden.
Heller ikkje Kvam kan seie noko om kva skader personen har fått, eller kor alvorlege desse er, på noverande tidspunkt.

Her køyrde kvinna i fjellveggen
Sikrar skadestaden
Trafikken står stille på staden, og vegen er stengd.
Brannvesenet held på å sikre skadestaden, og vaktkommandøren seier at dei vil hjelpe politiet når patruljen kjem fram. Klokka 14:30 har han framleis ikkje fått melding om at politiet er på staden.
– Både ambulanse og luftambulanse er på staden. Veit du om sjåføren blir frakta til Haukeland eller Førde sentralsjukehus?
– Nei, det har eg ikkje informasjon om per no, seier Kvam.
Firda kjem tilbake med meir.
Kartet viser ikkje nøyaktig stad for ulykka.

Fekk tjuv på besøk 17. mai. Slik fann politiet tjuvegodset
