Klokka 10.34 onsdag melde Vest politidistrikt at ein bil har køyrt inn i tre andre parkerte bilar på ein parkeringsplass i Hyllestad.

– Eit vitne som observerte hendinga, meldte ifrå til politiet, seier Åge Løseth, tenestestadsleiar i Askvoll, Fjaler og Hyllestad.

Patruljen vart send til staden, og Løseth fortel at dei er i kontakt med sjåføren. Vedkommande skal ha vore i nærleiken av der uhellet skjedde då politiet kom.

Bilen skal ha køyrt slik at den trefte tre ulike bilar som stod parkert på ein parkeringsplass i sentrumsområdet i Hyllestad.

Akkurat kva som har skjedd, kan Løseth førebels ikkje svare på. Men leiaren fortel klokka 12:45 at det er ei ny oppdatering i saka.

– Betjentane som rykte ut mistenker rus. Vi har tatt beslag av førarkortet, og vil følge opp saka vidare.