Gå til sidens hovedinnhold

Bil har køyrt i tunnelveggen i Årdal. Førar sat fast i bilen

Politiet omtalar hendinga som ei alvorleg ulykke.

Operasjonssentralen i Vest politidistrikt melder onsdag kveld om ei trafikkulykke i Finnsåstunnelen på Fv. 53 i Årdal.

Ein bil skal ha køyrt inn i tunnelveggen og naudetatane er på veg til staden.

Politiet melde først at ulykka skal ulykka ha skjedd i tunnelopninga mot Vikadalen. Dette vert seinare retta til å vere på Lærdalsida av tunnelen.

Det er éin person i bilen. Skadeomfanget er ukjent, men politiet omtalar hendinga som ei alvorleg ulykke.

Politi, brannvesen og ambulansepersonell skal no vere framme på staden. Føraren sat fast i bilen og det vart jobba med å få han laus. Han er no ute av bilen, og er teken inn i ein ambulanse.

Klokka 21.26 vert det meldt av Vegtrafikksentralen Vest at tunnelen no er stengt som følgjer av ulykka. Vegen er framleis stengt, og det vart anbefalt omkøyring via E16.