Bil har køyrt i fjellveggen ved Lote

DEL

Politiet melder at ein bil har køyrt utfor vegen og hamna i fjellveggen ved Lote i Nordfjord klokka 19.29. Ulykka har skjedd i nærleiken av ferjekaia på Lote.

Bilen står i ein sving, og airbagen er utløyst. Det er likevel ikkje meldt om personskade.

Politiet er framme på staden.

Dei melder at det er ei singelulykke. Dei har vore i kontakt med bilførar, ein mann i 60-åra, og han framstår som uskadd.

Det er ikkje mistanke om rus.

Trafikken passerer greitt forbi ulykkesstaden, der det ifølge politiet er glatt vegbane.

Artikkeltags