Gå til sidens hovedinnhold

Bil har køyrt i fjellveggen mellom Sogndal og Kaupanger

Ukjent skadeomfang.

Like etter klokka 19.00 onsdag kveld melde Vest politidistrikt om ei trafikkulykke på riksveg 5. ved Valeberg mellom Sogndal og Kaupanger.

Politiet fekk melding om ulykka klokka 18.52 og klokka 19.07 melde politiet at dei var framme på staden. Ein ambulanse var også då på plass.

– Ein bil skal ha køyrt inn i ein fjellvegg, opplyser Steinar Hausvik, operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

Det er berre éin bil involvert. Føraren skal vere ute av bilen.

– Så langt er skadeomfanget ukjent, seier Hausvik.

Trafikken flyt greitt i motgåande felt, melde politiet like etter klokka 19.00.

Klokka 1915 hadde bilbergar vore på staden og fjerna bilen. Trafikken gjekk då som normalt igjen etter ulykka.