110 Vest melder tysdag klokka 09.46 at ein bil har køyrt inn i ein fjellvegg. Ulykka skal ha skjedd på rv. 15 Nordfjordvegen i Stad, og naudetatane er sendt til staden.

Operasjonssentralen i Vest politidistrikt opplyser seinare at ulykka har skjedd ved Raftevika, nær Bryggja.

Kun førar er meldt å vere i bilen, og vedkommande skal vere ute av bilen. Det er heller ikkje meldt om personskade.

Trafikken er opplyst å passere greitt forbi staden, og bilbergar er sendt. Bergingsarbeidet starta i 10.20-tida. Det er vidare meldt å vere glatt på staden.

Firda kjem tilbake med meir.