Klokka 07.27 fekk politiet melding om ei trafikkulykke ved Kongsneset, like før Kvist, i retning Balestrand.
Ein bil har køyrt i fjellveggen, melder politiet.
– Det er store skadar på fronten av bilen, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen.
Føraren, mann i 20-åra, var aleine i bilen. Vedkommande er vaken og medviten.
– Vi har ikkje fått prata med føraren. Han vart raskt frakta til Førde sentralsjukehus. Han var våken, men klaga over smerter og var ganske skjelven, seier operasjonsleiaren.
Kva som er årsaka til ulykka er enno usikkert.
– Det har vore meldt om vêromslag, men vi har ikkje fått melding om glatte vegar, seier Dahl-Michelsen.
Det er passasje forbi ulykkestaden, men bilen skal sperre køyrefeltet i retning Balestrand.
– Vi har bestilt bilbergar, men det kan ta litt tid før den kjem. Vi er framleis på staden og blir kanskje til bilbergar kjem, seier Dahl-Michelsen.