Bil har køyrt i autovernet på rv.5 i Naustdal

I AUTOVERNET: Ein personbil køyrde onsdag inn i autovernet på rv. 5 i Naustdal.

I AUTOVERNET: Ein personbil køyrde onsdag inn i autovernet på rv. 5 i Naustdal. Foto:

Føraren av bilen skal ha misst kontrollen.

DEL

Operasjonssentralen i Vest politidistrikt melder klokka 10.33 om ei trafikkulykke i Naustdal.

Ein bil har køyrt i autovernet. Ifølgje politiet var det ingen andre enn førar i bilen, og vedkommande verkar uskadd.

Operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest Politidistrikt seier til Firda at alle naudetatar er varsla om ulykka, men at det er vurdert slik at berre politiet rykker ut.

Politiets patrulje er då på veg til staden gjennom Naustdalstunnelen, men er enno ikkje ved ulykkestaden klokka 10.48.

Ulykka har skjedd i ei 60-sone på rv. 5 i Naustdal. Magnussen fortel at bilføraren har misst kontroll over bilen, og deretter køyrt i autovernet.

– Vekommande er uskadd, men det er skader på sida av bilen, seier operasjonsleiaren.

Magnussen fortel at trafikken går fint forbi ulykkesstaden.

DIRIGERING: Politiet dirigerte trafikken forbi ulykkesstaden.

DIRIGERING: Politiet dirigerte trafikken forbi ulykkesstaden. Foto:

Artikkeltags