Klokka 17.05 fekk politiet melding om eit trafikkuhell på Skjedalsvegen ved Aurlandsvangen.
Ein bil skal ha køyrt i autovernet, men ingen er skadd, skriv Vest politidistrikt på Twitter.
Bilen har fått mindre materielle skadar og det skal også vere litt skadar på autovernet.
Politiet har ingen mistanke om ruskøyring, men opprettar sak på hendinga.