Bil har køyrt av vegen på Sygna – ligg i ei elv

I ELVA: Slik låg bilen etter utforkøyringa.

I ELVA: Slik låg bilen etter utforkøyringa. Foto:

To personar var i bilen, men dei har kome seg ut. Blir no sett til av ambulansepersonell.

DEL

Operasjonssentralen i Vest politidistrikt melder onsdag morgon om ein bil som har køyrt av vegen ved Sygna på fv. 610.

Ifølgje politiets første meldingar skal bilen muligens ha køyrt ned ein skrent. Kort tid etter melder dei at bilen har hamna i ei elv.

Kom seg ut av bilen

Det er ikkje meldt om personskader. To personar har var i bilen, men begge har kome seg ut.

Brannmannskap var først på staden. Vaktleiar Frode Eide ved Alarmsentralen i Florø fortel at bilen har køyrt av fv. 610, og hamna i ei sideelv til Gaula, som går frå dalføret der vegen til Guddal går.

– Bilen har køyrt av vegen, og sklidd 10-15 meter og gått i nokre rundkast ned mot elva, seier Eide.

Korleis bilen ligg i elva, om den er under vatn eller er rett veg er han ikkje kjent med.

– Det var to personar i bilen, og det var meldt tidleg at dei var kome seg ut og at dei var oppegåande.

Han melder vidare at alle naudetatane skal vere på staden no.

Vegen blir stengt under bilberging

Alle naudetatar er no på staden. Ambulansepersonell ser til dei to som var i bilen og bilbergar er på veg for å hente opp bilen.

– Det har sannsynlegvis hendt på grunn av sørpe eller vassplaning som har ført til at førar mista kontrollen: Det er i alle fall forklaringa som er blitt gitt, seier Steinar Hausvik ved Vest politidistrikt sin operasjonssentral.

– Bilen har visst gjort nokre rundkast. Han gått rundt eit par gonger og hamna i elva til slutt, men dei i bilen har tydelegvis klart seg bra. Dei blir køyrde til legesenter for å få ein god sjekk, seier Hausvik.

Trafikken på ulykkesstaden vart først dirigert av politiet, men vegen er no open for fri ferdsel. Den vil derimot bli stengd når bilbergar er på plass.

Artikkeltags