Operasjonssentralen i Vest politidistrikt melder tysdag ettermiddag om ei trafikkulykke på E39 Lavikvegen. Ulykka var meldt klokka 17.44.

Ein bil, der berre førar skal ha vore ombord, har køyrt av vegen og inn i fjellveggen. Førar skal vere bevisst, men utover dette kjenner ikkje politiet skadeomfanget enno.

Naudetatane er sendt til staden.

Bilen er totalskadd

Operasjonsleiar Steinar Hausvik ved politiets operasjonssentral fortel at brannmannskap akkurat har komme fram på staden. Desse var sendt frå Vadheim og Sande.

Førar skal ha komme seg ut av bilen og er uskadd.

– Bilen er totalskadd og treng berging, seier Hausvik.

Manuell dirigering

Klokka 18.10 er også politiet på staden. Bilen skal ligge delvis i vegbana, og det vert no drive med manuell dirigering på staden fram til bilbergar er på plass.

Bilbergar vart varsla litt før klokka 18. Nøyaktig når den er venta å vere på staden er ikkje politiet kjent med.

– Er de kjent med om det er kø på staden?

– Vi har ikkje høyrt noko om trafikkbildet anna enn at det pågår manuell dirigering, seier Hausvik.

Klokka 19.43 går trafikken som normalt igjen.