Vest politidistrikt fekk klokka 16.03 måndag ettermiddag melding om at ein bil har køyrt av vegen i Nordfjordeid.
Både politi og ambulanse er sendt til staden, men politiet melder at ulykka verkar å vere mindre alvorleg.
Stine Mjelde, operasjonsleiar i Vest politidistrikt fortel til Firda at føraren, ei kvinne, ikkje står fram som alvorleg skadd.
– Vedkommande har vore bevisst og har kunne prata med politiet, seier Mjelde.
Det er meldt om ein del materielle skader på bilen, men airbagen skal ikkje vere utløyst og det skal heller ikkje kome røyk frå bilen.
Politi og ambulanse er på staden.
Ulykka skal ha skjedd ved Maurstadeide nær fylkesveg 61. Politiet melder at vegen er open.