Bil har køyrd i grøfta på E39

I GRØFTA: Denne bilen stod med naudblinken på etter å ha hamna i grøfta på E39 i Halbrendslia torsdag føremiddag.

I GRØFTA: Denne bilen stod med naudblinken på etter å ha hamna i grøfta på E39 i Halbrendslia torsdag føremiddag. Foto:

Ein personbil står i grøfta på E39 i Halbrendslia i Førde, om lag 300 meter etter innkøyringa til Slåttebakkane i køyreretning Sande.

DEL

– Den står med naudblinken på, seier Svein Helge Engesæter til Firda.

Han passerte bilen like før klokka 11.

– Det var mange som reduserte farten, for det var varsla med varseltrekant i begge retningar. I tillegg var det mykje slaps i vegen, og svært glatt, seier Engesæter.

Vegtrafikksentralen er ikkje kjent med ulykka då Firda ringjer, og ulykka er heller ikkje meldt av politiet per 11.00 torsdag føremiddag.

Engesæter fortel også at ein anna personbil står med naudblinken på ved utkøyrsla like før den første bompasseringa på E39 mot Førde, etter Halbrendslia.

Verken politiets operarsjonssentral eller Vegtrafikksentralen Vest var kjent med ulykka då Firda kontakta dei. Dei hadde heller ikkje fått meldingar frå trafikkantar på vegane om utfordrande køyreforhold.

Trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen Vest, Ken Ove Holm fortel til Firda at alt tilgjengeleg brøytemannskap er ute på vegane, då det snør kraftig i Førde og omegn.

– Entreprenøren vi snakka med nyleg brukte omgrepet at det snødde parasollar, seier Holm.

Artikkeltags