Bil har hamna på taket i Fjaler – føraren sendt til sjukehus med luftambulanse

DEL

Statens vegvesen melder at det har vore eit trafikkuhell ved Tyssekvamneset på fylkesveg 607 i Fjaler. Dei opplyser at ein bil har hamna på taket. Dei skriv i ein vegmeldingsrapport at vegen er stengt.

– Det stemmer. Vi har fått melding om at ein bil har hamna på taket, og ligg i vegbana. Føraren sit utanfor bilen. Han seier han har smerter i brystet, seier operasjonsleiar Steinar Hausvik i Vest politidistrikt.

Politiet fekk melding om ulykka klokka 17.39.

Naudetatane var framme på staden like over klokka 18. Føraren av bilen er sendt til sjukehus med luftambulanse.

Artikkeltags