Klokka 17.27 melde AMK om at ein bil skal ha hamna utanfor vegen og hamna på taket på fv. 614 Gulevegen i Bremanger.

Biler er opplyst å vere om lag tre meter nedanfor vegen, opplyser Operasjonssentralen i Vest politidistrikt på X/Twitter måndag kveld.

To personar var i bilen, og begge er ute av køyretøyet. Airbag skal ikkje ha løyst ut, men dei involverte er vakne og pratar med politiet. Utover dette melder politiet at skadeomfanget ikkje er kjent.

Naudetatane er sendt til staden, og klokka 17.39 melder 110 Vest at brannmannskap er framme på ulykkesstaden.

Det er etter dette rekvirert ein bergingsbil.

Til sjukehus

Dei to involverte er no opplyst å vere ei kvinne og ein mann, og vert sett til av brannmannskapet på staden.

Føraren av bilen er ein mann i 70-åra av utanlandsk opphav. Politiet melder at det ikkje er noko mistanke om ruspåverka køyring. Både han og passasjeren vert no ivaretekne av ambulansepersonell.

Operasjonsleiar Frode Kolltveit fortel til Firda om lag klokka 18.30 at patruljen no har meldt at også passasjeren, ei kvinne, var i 70-åra. Også ho var av utanlandsk opphav.

Begge dei to er no frakta til Førde sentralsjukehus. Politiet avsluttar no på staden, då bilbergar er komen på staden og klarar seg sjølv. Vegen kan bli stengd for ein periode under fjerninga av bilen.

Skulle svinge ut på busshaldeplass

Årsaka til at bilen hamna i grøfta og på taket er no opplyst å vere at dei to skulle svinge ut på ein busshaldeplass, der dei kom for langt utfor kanten og tippa utfor vegen.