Ein større personbil skal ha enda i grøfta ved Dalsvatnet i Hyllestad laurdag natt klokka 00.05, melder Vest politidistrikt til Firda.
Bilen skal ha fått store materielle skadar, men det skal ha gått greitt med dei tre personane som var i bilen. Dei klaga på smerter i nakke, og dei blei sendt til sjukehus for sjekk.
Det skal ikkje vere mistanke om rus og førarkort blei ikkje beslaglagt.