Bil byrja å brenne – måtte svinge inn på busslomme på E39

Operasjonssentralen i Vest politidistrikt melder tysdag om ein bilbrann klokka 16.05.

DEL

Bilen skal ha byrja å brenne på E39 ved Flata før Vassenden i Sunnfjord, og ifølgje politiet står bilen no i ei busslomme.

Det er ingen personar i bilen, og heller ikkje meldt om nokon skadde.

Operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Steinar Hausvik, fortel at politiet no er på staden og snakkar med involverte. Han fortel at dei vart gjort merksame på brannen av ein brannmann som meldte den inn.

– Brannvesenet har no sløkt brannen, seier Hausvik.

Vaktleiar ved Alarmsentralen i Florø, Dan Inge Gjesdal, fortel at bilen kom køyrande då den måtte svinge inn i busslomma grunna brannutviklinga. Det var ikkje ein bilbrann som oppstod i ein allereie parkert bil.

Han veit ikkje kor mange som var i bilen då den byrja å brenne. Bilen skal ikkje vere nedbrent, men har fått omfattande skader. Det er sendt bilbergar for å fjerne den.

– Det vart brukt ein del pulver og vatn for å kjøle ned bilen, seier Gjesdal, som fortel at mannskap frå Vassenden vart sendt - og at dei var raskt på staden.

– Brannvesenet har no returnert, seier vaktleiaren.

Artikkeltags