Bil byrja å brenne – måtte fjernast med redningsbil

Ingen personar skal vere skadd, melder politiet.

DEL

Operasjonssentralen i Vest politidistrikt melder onsdag ettermiddag om ein bilbrann klokka 16.34 på E39 i Leirvika i Nordfjord.

Politi og brannvesen har vore på staden og brannen er sløkt. Bilen har ein del skader, men den står i ei busslomme så det er ikkje trafikale problem.

Ingen personar er skadde, melder politiet.

Operasjonsleiar Stein Rune Halleraker fortel til Firda at føraren av bilen merka lukt, og køyrde ut i busslomma. Bilen byrja å brenne og ho forsøkte å sløkke brannen med eit brannsløkkingsapparat.

Halleraker veit ikkje om hennar eige arbeid var nok til å sløkke brannen, eller om det måtte gjerast vidare sløkkingsarbeid av brannmannskapet som kom til staden. Han fortel at bilen var så skadd etter brannen at den ikkje var i stand til å køyre vidare.

– Om bilen var utbrent eller kor store skadane var, veit vi ikkje. Men det var såpass at den måtte fjernast med bergingsbil, seier operasjonsleiaren.

Han fortel at politiet og brannvesenet no er ferdige på staden, og har avslutta.

Det vert oppretta sak, som vil bli etterforska.

Artikkeltags