Gå til sidens hovedinnhold

Bil av vegen i Nordfjord: Hamna i skråning

Klokka 1804 tysdag kveld blei det meldt om ei bilulykke ved Lote på E39 i Nordfjord, eit stykke unna ferjekaia i retning Eid. Det opplyser Vest politidistrikt.

Bilen har hamna utfor vegen og ned i ei skråning, og ligg fast mot eit tre.

Førar var åleine i bilen då det skjedde, og er bevisst og vaken. Naudetatane er på veg, opplyste politiet klokka 1815.

Klokka 18.36 opplyste Vegtrafikksentralen vest at vegen ved ferjekaia er steng på grunn av uhellet.

Kommentarer til denne saken