Gå til sidens hovedinnhold

«Big Burger» blir trekt frå marknaden – høgt bakterieinnhald

Eit parti med burgaren «Thick & Juicy Big Beef Burger» frå Nordfjord kjøtt blir trekt tilbake på grunn av høgt innhald av bakterien E. coli.

Partiet har siste forbruksdag 8. august 2020 og vart levert til Rema 1000-butikkar torsdag 23. juli.

– Årsaka til tilbaketrekkinga er eit høgt innhald av E. coli. Avviket vart avdekt gjennom rutinemessig analyse ved anlegget, opplyser Nordfjord kjøtt.

Burgarane er allereie fjerna frå butikkane. Har du allereie kjøpt ein pakke, ber Nordfjord Kjøtt om at du kastar han eller leverer han inn til din næraste Rema 1000-butikk.

Escherichia coli, betre kjent som E. coli, finst i tarmens normalflora hos alle menneske og varmblodige dyr. Bakterien blir vanlegvis overført gjennom kjøtt som ikkje er varmebehandla, forureina grønsaker, upasteurisert mjølk, vatn, ved direkte kontakt med dyr som skil ut bakterien, eller frå person til person.

Enkelte variantar av bakterien kan gi tarminfeksjonar, og i verste fall kan han føre til infeksjonen hemolytisk-uremisk syndrom (HUS). Dette er ein alvorleg tilstand med nyresvikt og blodforandringar og startar som regel som ein mage-/tarminfeksjon med blodig diaré.

Eldre og barn er spesielt utsett for alvorleg sjukdom.

Les også

Nordfjord Kjøtt og Nortura har inngått forlik

Kommentarer til denne saken