Bibliotek for alle!

Dei fleste av oss veit om tilboda i Førde bibliotek, men her i Viksdalen er det ein del eldre og andre som ikkje køyrer bil, skriv Åsta Hoff Hatlestad.

Dei fleste av oss veit om tilboda i Førde bibliotek, men her i Viksdalen er det ein del eldre og andre som ikkje køyrer bil, skriv Åsta Hoff Hatlestad. Foto:

Av
DEL

LesarbrevDette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Når tillitsvald og verneombod i Sunnfjord bibliotek skriv at dei har mange gode tilbod for Viksdalen og Skei, vitnar det om at dei har svært lite kunnskap om korleis vårt vesle og gode bibliotek i Viksdalen fungerer.

Dei fleste av oss veit om tilboda i Førde bibliotek, men her i Viksdalen er det ein del eldre og andre som ikkje køyrer bil.

Vårt bibliotek ligg nær til butikk, i same bygg som barnehage, og her driv dei frivillige kafé.

Seniorskyss køyrer kvar onsdag, og då kan dei som har behov for det få ordna alt dette. Mange låner svært mykje bøker.

Me har ein bibliotekar som stiller opp med råd og rettleiing, både når det gjeld lesegruppe, vinterkles, sommarles for born og mykje anna.

Me drøymer ikkje om å få noko av alle dei tilbod som Førde bibliotek tilbyr, men me ber om å få behalde det vesle bibliotektilbodet me har, og som betyr så mykje for vår vesle bygd.

Eit utval nedsett av regjeringa fortalde oss nyleg at distrikta står i fare for å forsvinne om ikkje tiltak vert sett i gang. Det er vel og bra med nye prosjekt, men lat oss få behalde det me gjennom åra har bygd opp.

Butikk, skule og bibliotek er viktig i den samanheng.

Fagfolk sviktar oss, men me set endå ein gong vår lit til at politikarane forstår at tilbod må vere der folk bur.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken