Betre forhold onsdag: – Vi blir ikkje nedringt lenger

BETRE FORHOLD: Det har ikkje snødd like mykje som det gjorde tysdag, det gir betre forhold på vegen.

BETRE FORHOLD: Det har ikkje snødd like mykje som det gjorde tysdag, det gir betre forhold på vegen. Foto:

Onsdag morgon er det stort sett fine køyreforhald på vegane i Sogn og Fjordane.

DEL

Etter to dagar med mykje nedbør i form av snø og nullføre på vegane, og fleire trafikkulykker, er vegforholda endeleg fine.

– Det er ikkje så gale i Sogn og Fjordane i dag. Vi blir ikkje nedringt av publikum.

Det seier trafikkoperatør i Statens vegvesen, John Andreas Omdal, til Firda like før 07.30.

Mykje snø

Dei to siste dagane har det kome mykje nysnø og kombinert med sterk kuling har det skap vanskelege køyreforhold.

– Det har vore ein del førespurnader dei siste dagane, seier Omdal.

Han fortel at det er Nordfjord som har fått mest på nedbøren. Ifølge senorge.no fekk dei ein stad mellom 25–50 centimeter med nysnø. I Sunnfjord fekk dei 10–15 centimeter med nysnø, medan store delar av Sogn slapp unna.

Status

Dette var status på fjellovergangane klokka 08.00:

E16 Filefjell: open

Rv 50 Hol - Aurland: open

E134 Haukeli: kolonnekøyring

Rv 7 Hardangervidden: kolonnekøyring

Rv 13 Vikafjellet: stengt

Rv 53 Årdal - Tyin: stengt

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken