Betongbil måtte bergast frå grøfta

MÅTTE BERGAST: Ein betongbil hamna i grøfta på E39 tidlegare denne torsdagen.

MÅTTE BERGAST: Ein betongbil hamna i grøfta på E39 tidlegare denne torsdagen. Foto:

Måtte stenge vegen for å berge ein betongbil opp frå grøfta.

DEL

Klokka 13.27 melde Vegtrafikksentralen vest at ein betongbil var hamna i grøfta på fylkesveg 5586 mellom ytre og indre Oppedal i Gulen kommune.

Vegen blei stengt frå ca. klokka 14.30, fordi bilen skulle bergast.

Klokka 16.31 var vegen opna for fri ferdsle igjen, melde Vegtrafikksentralen vest.

Politiet er ikkje kjent med hendinga, opplyser operasjonsleiar Eivind Hellesund ved Vest politidistrikt.

Artikkeltags