NRK Sogn og Fjordane har fått tilgang til fakturaane Fjord 1-konsulentane har sendt Sogn og Fjordane fylkerskommune for tenester i samband med salet av fylkeskommunen sine aksjar i Fjord1.
Les NRK Sogn og Fjordane si sak her
Fylkesommunen har brukt til saman 11 millionar kroner på innleige av konsulentar. Mesteparten har gått til å lønne konsulentane, men mange av postane gjeld refusjon av utgifter som er utbetalt utan at det er framlagt kvitteringar for det.
I fakturaspesifikasjonane står det t.d.
05.11.2015 IEB/bRest servering 1, (antall) 925,00.
Slike postar er det ikkje lagt fram kvitteringar for. Postane dette gjeld, summerer seg til 300.000 kroner, ifølge NRK Sogn og Fjordane.
Til NRK seier fylkespolitikar Alfred Bjørlo (V) at det verkar som det er ein heilt annan logikk og forvaltningspraksis i Fjord1-saka enn det som er vanleg i kommunal og fylkeskommunal forvaltning.
– Dette er mildt sagt merkeleg og her må all dokumentasjon på bordet. Det skulle berre mangle. Vi kan ikkje ha ein eigen og meir lemfeldig praksis for dei største og dyraste konsulentselskapa i Norge og ein mykje strengare praksis for tilsette og politikarar i fylkeskommunen. Dei må levere inn kvittering og dokumentasjon på dei minste beløp, seier han.
Fylkesrådmann Tore Eriksen ser ingen grunn til å ta sjølvkritikk. Til NRK seier han at fylkeskommunen har ikkje behov for å vite kva mat konsulentane har ete:
- Vi har drøfta praksisen med revisoren vår, og han seier systemet vårt er greitt, seier Eriksen.