Kravet om meir ressursar er unisont i alle «hjelpeyrke». Barnevern, skular, sjukehus, helsestasjonar, politi, og psykisk helsevern, alle «skrik» etter meir ressursar. Og alle har truleg rett i at behovet er stort, dersom vi fortset å jobbe slik som vi gjer i dag.

Eg kjenner best til barnevernet og er sjølvsagt samd i at tid er ein heilt naudsynt ressurs dersom ein skal kunne gjere jobben som storsamfunnet har pålagt oss. Denne jobben kan berre gjerast gjennom relasjonar – og å bygge relasjonar tek tid.
Praktisk barnevern er i dag mykje byråkrati. Noko av dette er nok naudsynt, men her er truleg mykje å hente, både ved å redusere byråkratiet og ikkje minst ved å jobbe smartare med dei byråkratiske oppgåvene som vi er pålagde og som vi truleg må ha.

Ei anna utfordring er at direktorat og departement produserer mengder av høyringsdokument, rettleiarar, undersøkingar og rapportar som må lesast. Dokument som ofte er så ordrike at ein skulle tru at forfattarane hadde betalt for tal sider dei skriv. I tillegg er ein del av desse dokumenta så mykje prega av «skrivebordspraksis» at dei har liten verdi for oss som jobbar i fagfeltet. Men det veit vi jo ikkje før etter at vi har lest dei. Vi vert og bombardert av spørjeundersøkingar på nett som berre skal ta 10–30 min, men som i sum stel mykje tid.

Ein annan ting vi bør snakke om, er at det faktisk eksisterer eit overforbruk av barnevernstenester og om vi er med å bidra til ein kultur der dei vanskelege sakene berre blir skubba mellom ulike instansar. Resultat av dette blir i tilfelle at alle har for mykje å gjere, medan dei det gjeld ikkje får verken rett hjelp eller god nok hjelp.

Auken i talet på meldingar til barnevernstenesta har vore formidabel det siste tiåret, og kan vere eit uttrykk for det eg peikar på over. Samstundes vert langt over halvparten av alle meldingar lagt bort utan undersøking eller utan tiltak etter undersøking.

Dette betyr at vi brukar mykje ressursar på saker som ikkje resulterer i reell hjelp til folk. Truleg har denne problemstillinga fleire forklaringar. Ei av dei er det unyanserte bodskapet frå direktorat og Fylkesmann om at du skal melde ifrå dersom du er bekymra for eit barn. Dette er ei direkte feil framstilling av meldeplikta til barnevernstenesta. Dersom du er bekymra for eit barn, skal du, med visse unntak, først og fremst gå i ein ærleg dialog med foreldra og fortelje dei kva du er bekymra for og kvifor. Mi erfaring er at mange som er bekymra for eit barn ikkje tek denne samtala – i alle fall ikkje utan «å pakke inn bodskapet». Dermed opnar ein ikkje opp for den relasjonen som i seg sjølv kan skape endring.

Ei anna problemstilling som eg erfarer, og som eg veit at mange av mine kollegaer og har erfart, er at barnevernstenesta får mange meldingar som høyrer til andre tenesteområde. Dette kan handle om barn med særskilde behov grunna autisme, åtferdsutfordringar på skule som heng saman med mobbing og/eller lærevanskar, born med store psykiske vanskar som ikkje kan relaterast til omsorgssituasjonen eller skulevegring som truleg handlar meir om utfordringar i skulekvardagen enn om omsorgssituasjonen. Felles for dei fleste av desse meldingane er at meldar, på direkte spørsmål, stadfestar at deira bekymring ikkje handlar om at dei trur borna er utsett for alvorleg omsorgssvikt eller mishandling, slik vilkåra for meldeplikta legg til grunn. Likevel sender dei melding – ofte utan samtykke frå foreldre.

Kvifor er det slik? Som nemnt kan det handle om feil forståing av regelverket, godt hjelpt av ein ivrig Fylkesmann og eit ditto direktorat. Truleg handlar det og om manglande kompetanse og ressursar i høve dei mange problemstillingane som skular, helsestasjonar, barnehagar og BUP skal kunne handtere. Av og til handlar det og om manglande systemforståing. Kanskje handlar det av og til og om eiga fortviling av å komme til kort i høve til komplekse problemstillingar. I nokre tilfelle handlar det og om å «ha eigen rygg fri», altså ei rein ansvarsfråskriving.

Ei medverkande årsak er nok og eit barnevern som ikkje har vore flinke nok til å markere kva som er vårt mandat. Eg trur og at vi og kan bli rausare til å løfte fram at også skular, psykisk helsevern og helsestasjonar har behov for ressursar og kompetanseheving. I alle fall må vi erkjenne at ikkje alle barn får det betre om det vert sendt dårleg grunngjevne meldingar til barnevernstenesta.

Vi har eit medansvar for at vi får dei rette meldingane til rett tid. Eit godt barnevern er og avhengig av at andre hjelpeinstansar er gode – og skal dei bli gode har vi eit medansvar for «å spele dei gode.» Då må vi byrje med å gje dei ei rett forteljing om kva som er barnevernstenesta sitt mandat og kva vi er gode på.