Det skriv styringsgruppa for Nynorskhuset i ei pressemelding onsdag kveld.

Tidlegare denne veka vart første del av konkurransen om kven som skal byggje Nynorskhuset i Førde godkjend.

Handelshuset AS saman med Firda Billag er dei einaste som har levert førespurnad om å delta, og no er dei invitert til å kome med eit tilbod.

NRK Vestland, Firda og Teater Vestland skal etter planen inn i Nynorskhuset når det står klart.

Neste steg i konkurransen er tilbodsfasen og påfølgande forhandlingar.

Konkurransen er venta avslutta i september/oktober i år, skriv styringsgruppa.