Klokka 13.05 blir det meldt at fv. 616 i Bremanger er stengt ved Svarstad.

Årsaka er berging av ein trailer som skal ha hamna delvis utanfor vegbana.

Politiet vart sendt til staden, og det vart også behov for bilbergar.

Klokka 13.51 vart vegen opna opp att for trafikk.