– Eg skulle slå med kantklipperen på ein fellesleikeplass vi har her, og då sprutar det jo litt gras og diverse, seier Eimhjellen til Bergensavisen.

Dette skjedde på fredag i førre veke.

– Med det same merka eg ingenting, det var først laurdag formiddag at det begynte å svi på armane, seier Eimhjellen, som bur i Bergen, men kjem frå Eimhjellen i Gloppen kommune.

Utover laurdagen begynte ho å svi på oppover skuldrane og på halsen, og søndag begynte blemmene.

– Då skjønte eg jo at noko var gale.

Les også: Tek opp kampen mot kjempeugras, Dumping av hageavfall får skulda og – Denne drep alt i sin veg

Unngå sollys

Etter å ha søkt litt på nettet, forstod Eimhjellen at det ho hadde trudd var den ufarlege planten hundekjeks, eigentleg var den ikkje fullt så ufarlege kjempebjønnkjeksen.

Heldigvis for Eimhjellen tok ho ein dusj ganske kort tid etterpå slik at ho fekk vaska av ein del av safta frå planten.

Væska frå kjempebjønnkjeksen er kjent for å kunne gi stygge og vedvarande brannskadar om den kjem i kontakt med sollys.

– Unngår du sollys er det gode sjansar for at du ikkje får nokon reaksjon, fortel førsteamanuensis i Botanikk ved Universitetet i Bergens botaniske hage, Heidi Lie Andersen.

Derfor er det viktig å dekke til huda dersom ein skulle vere uheldig og komme i kontakt med væske frå planten.

Andersen forklarar at sjølv om kjempebjørnekjeksen og for eksempel hundekjeksen er relativt like, er det berre kjempebjønnkjeksen som blomstar akkurat no.

 

– Alle dei kvite skjermplantane som blomstar no er skumle, seier botanikaren, og viser spesielt til tromsøpalmen og kystbjønnkjeksen som plantar som er veldig like kjempebjønnkjeksen.

– Desse plantene er i nesten alle vegkantar og mykje i område der folk ferdast og dei sprer seg fort.

 

– Brukast som bedøving

Dei farlege skjermplantene er som regel mellom éin og to meter høge med kvite skjermar når deo blomstrar.

– Og så har dei nokon store, kraftige, grove blad, beskriv Andersen.

Generelt rådar botanikaren folk til å vere forsiktig med planter dei ikkje veit kva er.

Les også: Lagar gourmet av gatas ugras og Blir møtt av løvetann og høymole på gravplassen

– I desse tider har blant anna rødhyll nokon fine, raude bær som er ganske giftige.

Andersen ber dessutan bergensarane om å vere merksame på slyngsøtvier langs gjerde og husvegger i Bergen.

– Den er kjempegiftig og brukast blant anna i bedøvingsmiddel. Den gjer ikkje så mykje ut av seg, men har nokon fantastisk blanke, røde bær som er veldig giftige.

Generelt anbefaler botanikaren å passe på kva born og andre får i seg.